Det var berre to parti som stilte til val i Skjåk.

Senterpartiet får 12 representantar inn i kommunestyret, Arbeidarpartiet får 9. Elias Sperstad blir ordførar.

Fylgjande blir å finne som faste representantar kring kommunestyrebordet dei neste fire åra:

Senterpartiet: Elias Sperstad, Sevald Sperstad, Edel Kveen, Per Lars Lien, Rannveig Brennhaug, Håvard Krogstad Berger, Vidar Vange, Brit Holø, Kristen Haugen Dagsgard, Laurits Ørjasæter, Simon Abraham Kidane og Tor Arne Rønningen.

Arbeidarpartiet: Odd Joar Ramstad, Eva Therese Hyrve Bosmen, Bernt Joachim Dahl, Stig Erlend Banken, Odd Ragnar Solheim, Aud Jotun, Heidi Banken Fallingen, Inge Gjerdet og John Tore Barrusten.

Skjåk Ap, her representert ved ordførarkandidat Odd Joar Ramstad, lukkast ikkje i å vinne valet i Skjåk. Foto: VIGDIS KROKEN