Medlemane i formannskapet i Lom kommune er meir enn stemte for at kommunen må kjøpe gamelbanken/kyrkjelydshuset i Brubakken.

Eigedomen ligg mellom Norsk Fjellmuseum og Lom bygdamuseum, og politikarane ser spennande moglegheiter med hus og tomt.

– Kommunen bør få tak i denne eigedomen for at anten fjellmuseet eller bygdamuseet kan ha utviklingsrom, sa Bygdalistas Kristian Frisvold. Det vil vera dumt å sleppe dette frå seg, meinte han og fekk støtte av dei andre.

Det vart også nemnt at bygget kan bli Diktarhus i Lom.

Eigedomen er regulert til offentleg føremål. Det er såleis ikkje utan vidare enkelt å starte næringsverksemd i bygget.

Lom kommune eig tomta.

Eigedomen har ein «utropspris» på 1,4 millionar kroner, og blir seld av Lom kyrkjelege råd.

Om kommunen skal kjøpe, er opp til kommunestyret å avgjera.