Bakgrunnen for møtet er eit «opprør» blant foreldre i Lom som må køyre ungane sine til Garmo for å få barnehageplass.

Barnehagen i sentrum har sprengt kapasitet, og Lom kommune vil løyse det problemet med å til by plass i Garmo.

Nå ynskjer foreldregruppa å høyre kva dei enkelte toppkandidatane til neste månads val vil og meiner. Møtet skjer i Utgard måndag kveld.

Bakgrunn:

– Grendebarnehagen i Garmo er heilt sikkert ein god plass å vera. Det er ikkje det denne saka handlar om. Det handlar om å få kvardagen til å gå opp. Derfor arbeider vi hardt for å finne alternative løysingar, men vi føler ikkje at vi blir teke på alvor av kommuneleiinga, melder foreldregruppa.

Stort engasjement

Foreldregruppa har hatt fleire møte. Engasjementet er stort og frustrasjonsnivået høgt. Foreldra fortel at ein av grunnane til at dei har busett seg i Lom sentrum, er fordi barnehage- og skuletilbodet er i gå- eller sykkelavstand frå heime.

Foreldregruppa har fleire argument for at dei ynskjer ei barnehageløysing i sentrum. Dei peikar på at barnehagedagen til ungane blir mykje lenger når foreldra må bruke til saman ein time i bil. Spesielt for eittåringane ser foreldra dette som svært uheldig.

– Fleire av familiane må på grunn av dette kjøpe seg ein ekstra bil for å få kvardagen til å gå rundt. For somme inneber det at ein av foreldra må redusere stillingane sine for at dei skal greie å hente og bringe innan ordinær arbeidstid. Det vil på årsbasis handle om store summar. På bakgrunn av dette argumentet har vi ynskt at Lom kommune i det minste ville utvide opningstidene i Garmo slik at dette ikkje blir ein konsekvens. Det har ikkje kommunen noko ynskje om å gjennomføre, da det vil medføre store meirkostnader. Miljømessig er det uheldig at så mange familiar må køyre så mykje ekstra bil. Vi meiner òg det er eit poeng at folk som bur sentralt i Lom betaler eigedomsskatt for å ha «goder» i stutt avstand frå heimen, opplyser Karina Mandal, FAU-leiar i Loar barnehage. Ho fortel om stor frustrasjon i foreldregruppa.

– Mykje fordi vi føler vi ikkje blir lytta til, ikkje blir teke på alvor. Vi har lagt fram fleire alternative løysingar utan respons. Vi bad ordførar om å få orientere kommunestyret om kvifor vi meiner som vi gjer, og kva alternativ vi har, men vi fekk ikkje lov. I det heile føler vi dette har vore ein urettvis prosess som skulle vore gjort på ein mykje meir open og redeleg måte.

Foreldregruppa nemner fleire moglege bygg som kan nyttast til barnehage i ein ekstraordinær situasjon: Brakker, Kyrkjelydshuset, Losjehuset - som har vore brukt som «kriseløysing» tidlegare år - eller ei avdeling i den vidaregåande skulen, som er nabobygget til barnehagen. Sistnemnde var ei stund sett på som svært aktuelt frå kommuneleiinga si side, slik foreldra forstod det, men plutseleg kom sakframstillinga til kommunestyret og da var innstillinga å gå for Garmo. Og slik vart det.

– Kommunen må tenkje heilskap og økonomi?

– Det er vi sjølvsagt klar over. Løysinga i Garmo er om lag 1,2 millionar billegare enn dersom det skal leggjast til rette for barnehage i byggfagavdelinga ved den vidaregåande skulen. Men kva er viktigare enn borna våre? Lom kommune løyver store midlar til mykje anna - til kultur, reiseliv, idrett - og da forventar vi at dei òg har råd til å prioritere ungar og småbarnsforeldre, svarer Karina Mandal. Ho legg til at denne saka ikkje berre handlar om næraste framtid, men i eit langtidsperspektiv.

(Fjuken, 18. juni)