Klokka halv åtte fredag morgon fekk politiet inn fleire meldingar frå bilistar på riksveg 15 om ein bil som køyrde vinglete.

Etter søk fann politiet etterkvart bilføraren, ein utanlandsk mann i 30-åra.

I følgje operasjonsleiar Jørgen Berg ved operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt, var mannen tydeleg påverka av alkohol.

Mannen tilstod køyring i påverka tilstand, og vart teke med til helsesenteret for blodprøve. Politiet tok beslag av førarkortet og mannen vil bli meldt for køyringa.