– Eg har ikkje hatt nokon topp sesong, men nå byrjar det å likne på noko, seier Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk. Han er optimist ei veke før han skal i elden under Landsskyttarstemnet på Lesja.

Landsskyttarstemnet er høgdepunktet i sesongen for Tor Gaute og mange andre skyttarar i det langstrakte landet. Landskyttarstemnet på Lesja byrjar fredag 31. juli. Tor Gaute Jøingsli skal skyte innleiande runde onsdag 5. august. Og målet er klart; ein plass på kongelaget torsdag.

Skjåkværen har vore på kongelaget tre gonger tidlegare; i Bodø i 2011, Voss 2012 og Sandnes 2014. Hans beste plassering er ein sjetteplass frå landskyttarstemnet i Sandnes i fjor.

– Målet er å gjere ei god konkurranse. Eg konkurrerer fyrst og fremst med meg sjølv, seier Tor Gaute. Han håpar å prikke inn forma til da.

– Sjølv om det ikkje har vore nokon topp sesong, har det vore mykje god skyting i det siste, seier han. Denne veka er han i Nord-Østerdalen der 2. runde i Norgescupen går. Tysdag tok skjåkværen leiinga på Alvdal.

Den siste oppladinga til Landskyttarstemnet skjer heime i Skjåk med skytetrening.

– Elles så blir det å gle seg på neste veke, seier Tor Gaute.

– Kva må til for å lukkast under Landslagsskyttarstemnet?

– Ein må ha eit godt treningsgrunnlag og ha tru på det ein driv med. Ein må også ha dagen sin, det er småe marginar det dreier seg om, seier han.

– Kva tenkjer du når du ligg på standplass for å skyte?

– Eg tenkjer på det eg skal gjere og minst mogleg på alt anna. Ein må ha fokus på arbeidsoppgåvene ein skal gjere, og ikkje ha fokus på kva som kan skje eller ikkje, seier Tor Gaute.

Tor Gaute Jøingsli tykkjer det blir lite ekstra med Landskyttarstemnet på Lesja. Det blir nærast ei heimebane. Han håpar at lokale publikummarar tek turen over Slådalen for å sjå på.

Fjuken ynskjer lykke til og håpar vi får ein konge i Ottadalen.

– Det hadde vore bruke for ein konge, ler Tor Gaute Jøingsli.

– Målet er å gjere ei god konkurranse. Eg konkurrerer fyrst og fremst med meg sjølv, seier Tor Gaute Jøingsli. Foto: ARVE DANIELSEN / ARKIV