Fredag 31. juli er det opning av den nyrestaurerte ferdselvegen over Kampehamrane.

Ruta var den viktigaste vegen mellom Skjåk og Stryn fram til 1894. Da kom det som nå er «Gamle Strynefjellsvegen».

Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane har vore lite i bruk i lang tid. Dei gamle steintrappene og hellegangane er restaurert slik at fleire kan følgje dei historiske fotefara frå Skjåk til Stryn.

Nå blir den gamle ferdselsvegen lansert som ei historisk vandrerute, og er ein del av eit samarbeid mellom Riksantikvaren, DNT og DNT Oslo og omegn.

Opninga av den nyrestaurerte ferdselsvegen skjer fredag 31. juli på Sunndalssetra i Stryn. Her blir det avduking av informasjonsskilt, kulturelt innslag, taler og enkel servering.

I samband med opninga blir det arrangert fellestur frå Skjåk til Sunndalssetra. Det er Bjørn Dalen som skal vere turleiar.

Det er ikkje fleire ledige plassar i båtane frå Raudalen. Men om ein startar frå Grotli og går DNT-stigen til Skridulaupbu, så kan ein slå fylgje på ruta frå her.