21.30 laurdag kveld møttest ein bobil og ei mobilkran på riksveg 15 aust for Lom sentrum. Med den breie mobilkrana vart vegen for smal og både spegelen på bobilen og mobilkrana vart knust i møtet.

Føraren av mobilkrana stoppa ikkje etter samanstøyten.

Lensmann Tor Trønnes fortel at det ikkje er tillate med slik mobilkran etter riksvegen mellom Stryn og Vågåmo da vegen er er for smal for slik transport. Det betyr at føraren av mobilkrana køyrde ulovleg.

Føraren av mobilkrana blir meldt etter episoden. Bobilen var lokal. Det vart ingen personskader.