– Det kom mange gjestar, det var gåver, god mat, kaffi og kaker. Det var altså så triveleg at du anar ikkje, oppsummerer ein blid og opplagt 100-åring når Fjuken slår på tråden.

Torø greier seg sjølv. Ho slit litt med å høyre, men elles er ho både klår og sprek.

– Eg fekk svært mange blomar i går. Eg veit nesten ikkje kvar eg skal gjera av dei. Eg trakkar rundt i huset og set dei opp akkurat nå, ler Torø.

Torø Nørjordet vart fødd 23. juli i 1915 og har opplevd mykje gjennom eit langt liv. Men ho er på ingen måte lei av livet. Tvert om, seier ho.

– Eg har det så godt. Eg tykkjer det er så bra all ting, eg. Eg følgjer med på det som skjer og tida går så fort!

– Har du gjort noko spesielt for å bli såpass gamal da, Torø?

– Nei, eg har levd eit heilt vanleg liv og har hatt eit vanleg kosthald og alt. Eg veit ikkje kvifor eg har vorte så gamal, men eg har aldri røykt eller noko slikt da, veit du.

– Tenk om du blir 120?

– Ja, det kan nok hende! Nei, slikt eit tullprat au leill! svarar Torø og ler godt og hjarteleg gjennom telefonrøyret. Ho likar å spøke og le.

– Godt humør er svært viktig. Ein skal prøve å sjå ljost på ting, uansett kva som skjer, seier den kloke 100-åringen, og nyttar høvet til å takke alle som har gratulert og sendt gåver og blomar.