Politikammeret på Lillehammer opplyser at uhellet skjedde om lag to kilometer aust for Bismo.

Vedkomande som køyrde gravemaskinen er køyrt til legevakt for sjekk, men skal ikkje vera alvorleg skadd.

Politiet har avslutta dei førebelse undersøkingane på staden.

– Kva som er årsaka til hendinga, er det vanskeleg å seie noko om førebels. Det blir oppretta sak. Vonaleg får vi avdekka årsakssamanhengen etterkvart, opplyser operasjonsleiar ved Lillehammer politikammer.