Ein feil på Otta fører til at internett er nede frå Vinstra og nordover.

Dette har ført til at fleire kundar i området har mista internett.

Bjørn Rognlien, direktør drift i Eidsiva, fortel at det er feil på høgspentnettet på Sandbumoen sør for Otta som har teke straumen til nettet.

Ved 9.30 tida vart det sagt at det vil ta maks ein time før det er i orden att.

– Vi beklager ulempene dette har ført til, seier Rognlien.