Investeringsprosjektet ny barneskule i Bismo er vedteke og innarbeidd i økonomiplanen for 2015-2018 med 117,8 millionar kroner. Skulen skal etter planen stå ferdig 31. desember 2017.

– Skjåk Ap røysta mot da kommunestyret vedtok bygging av ny 1-10-skule i Bismo. Vi er framleis sterkt mot dette prosjektet. Derfor vil vi arbeide for å stoppe vidare planar om bygging av ny skule. Dersom vi kjem til makta, skal vi syne fram at vi meiner det vi skriv i partiprogrammet, seier Odd Joar Ramstad, ordførarkandidat for Skjåk Ap.

Ramstad fortel at det er fleire grunnar til at Skjåk Ap er mot bygging av ny skule. Mest av alt er partiet uroa over kommuneøkonomien og kva konsekvensar ei så stor investering kan få for tenestetilboda i åra framover.

– Vidare meiner vi tidspunktet er heilt feil. Vi står framfor ei endring i kommunestrukturen. Ei mogleg kommunesamanslåing står for døra. Ingen veit kva resultatet blir, og da blir det feil å bruke så enormt mykje pengar på ny skule. Vi bør heller bruke pengar til å renovere Skjåkhallen, seier Ramstad.

Han fortel at Skjåk Ap har bede om fleire utgreiingar dei ikkje har fått: ei utgreiing om Nordberg skule, for å finne ut om denne kunne nyttast til felles barneskule.

– I tillegg har vi bede om ei konsekvensutgreiing for totalprosjektet, om løysingar, kostnader og økonomiske konsekvensar for kommunen sett i eit lengre perspektiv. Denne konsekvensutgreiinga har vi heller ikkje sett noko til.

I morgon, onsdag, får formannskapet i Skjåk ei stor løyvingssak på bordet. Rådmannen rår formannskapet til å løyve 10 millionar kroner til prosjekteringskostnader i høve bygginga av ny skule, ei løyving som skal finansierast ved låneopptak.

– Skjåk Ap vil røyste mot, seier Ramstad.

– Tidspunktet er heilt feil, meiner Odd Joar Ramstad, ordførarkandidat for Skjåk Ap. Foto: VIGDIS KROKEN