I aprilnummeret til Aftenpostens matmagasin «Mat fra Norge», skreiv redaktør Per Borglund om Hindsæter i leiaren sin. Redaktøren skreiv mellom anna at han sjeldan eller aldri har opplevd reinsdyrkjøt så godt og variert stelt til før som på turiststaden i Sjodalen i Vågå.

«Å hauste av naturen på denne måten og sjå at råvarene blir behandla med kjærleik, er berre vakkert. Da er vi rett og slett overvelda», skriv Borglund.

– Vi er stolte over å kunne arbeide vidare med, selje, og leve av og med ei råvare som er så berekraftig som tamrein, seier vertskapet Karola Wentzel og André Sundero på Hindsæter.

I sommar har dei spissa mattilbodet, og opna Restaurant Rein der alle lunsjrettane består av rein. Her kan gjestane bestille Rein Kraft, Rein Pudding, Rein Burger, Rein Graut, Rein Morr(o) eller Rein Is. Alt er laga med rein frå Vågå Tamrein AS.

Dette er rein som aldri beiter lenger enn om lag 25 kilometer frå hotellet, og som blir henta på slakteplassen og frakta med bil. Meir økologisk og stuttreist kjøt må ein leite lenge etter.