Dette var andre gongen på berre tre år at den verdskjende motocrosskøyraren og vagværen André Villa kom til heimbygda for å ha oppvising.

Rundt 1500 personar løyste billett for å få med seg det forrykande showet i VillaParken på Moajordet i Vågåmo laurdag kveld, der også tre andre verdskjende motocrosskøyrarar deltok.

I tillegg til FMX-showet, var det BMX-show med fleire av landets beste syklistar, og unge sykkelentusiastar frå Nord-Gudbrandsdalen som har delteke på campen Villa X-trem i helga.

Les meir i papiravisa torsdag.

André Villa var i kjempeform da han hadde motocross-oppvising i Vågå laurdag kveld. Foto: Tom Erik Solstad