Det var eldsjel og pådrivar Unn Bostad som sto for den offisielle opninga, da den såkalla Munch-ruta i Vågå vart teken i bruk laurdag.

Ruta går frå Liehjørna i Vågå sentrum, og opp til Jutulheimen via kyrkjegarden og Ullinsvin, og inneheld fleire informasjonspunkt og lyddusjar med høyrespel i regi av skjåkværen Endre Skjåk.

Eit femtitals personar var med på den fyrste offisielle kulturhistoriske vandringa, som er eit ledd i å heidre den verdskjende kunstnaren Edvard Munch med røter i Vågå.

Les meir i papiravisa torsdag.

Eit femtitals personar var med på den fyrste offisielle Munch-vandringa laurdag. Foto: Tom Erik Solstad