– Budsjettkuttet har gjort det vanskeleg for biblioteket å kjøpe inn nye bøker, lydbøker, musikk og filmar. Det får så mange konsekvensar for folk i bygda. Det er ikkje alle som har råd til å kjøpe bøker, filmar og musikk sjølve. At biblioteket i tillegg er eit viktig knutepunkt for så mange – ein sosial møteplass – må det òg leggjast vekt på, tykkjer Kjetil Eriksen.

Korleis innsamlinga skal gå føre seg, er ikkje endeleg bestemt. Det kan bli ein vipps-aksjon, det kan bli ein sponsordugnad ved hjelp av bedrifter – eller det kan bli gjort på andre måtar.

– Det som er sikkert, er at vi er mange som vil gjera det vi kan for å auke inntektene til biblioteket. Budsjettkuttet er svært brutalt for eit såpass lite bibliotek som det vi har i Lom. Det er ikkje gjort eit lite risp i fingeren, det er som om heile armen er fjerna!

Kjetil Eriksen har vore ein flittig brukar av biblioteket. Han har trakka inn og ut der i alle åra han har budd i Lom. Som pendlar mellom Lom og Oslo køyrer han mykje bil, og da høyrer han alltid på lydbøker.

– Eg veit kor viktig biblioteket er for mange, for ungar, ungdom, vaksne og eldre. Somme er der kvar einaste dag. Det er ikkje for ingenting av biblioteket i Lom vart kåra til Årets bibliotek i 2012. Har verkeleg ikkje Lom kommune råd til å vidareføre biblioteket slik det er i dag? Er det ikkje andre stader det er mogleg å kutte utgifter? Eg forstår meg ikkje på det, seier Kjetil Eriksen, som håpar folk vil stille opp og gje eit lite bidrag så fort dei har bestemt seg for korleis innsamlingsaksjonen skal organiserast.

Lom folkebibliotek har tre tilsette. Biblioteksleiar Rita Mundal fortel at dei har prioritert å behalde personalet.

– Det er svært viktig å behalde litteraturformidlinga og arbeidet mot skulane – og vi fann det viktig å ikkje kutte ned på opningstidene. Det som da stod att, var å kutte i bokbudsjett, arrangement og andre mindre postar, opplyser Mundal, som set pris på brukarane sitt engasjement for biblioteket.

– Situasjonen vi er i er sjølvsagt ikkje ynskjeleg, men det er som det er. Det som er positivt, er at vi det siste året fekk auke i utlån både når det gjeld lydbøker og bøker. Det hadde vi aldri trudd, ettersom bruk av mobilar og nett berre aukar i omfang. Mange bibliotek har nedgang i både besøk og utlån, så det er svært gledeleg å få stadfesta kor sterkt biblioteket i Lom står hjå brukarane. Det er ikkje minst initiativet i høve innsamlingsaksjonen eit døme på, seier ein takksam biblioteksleiar.

Rådmann Ola Helstad tykkjer det er positivt med synleg engasjement om kommunale tenestetilbod og prioriteringar.

– Vi er stolte over det gode biblioteket vi har i Lom, og mykje av dette kan vi takke dei tilsette for. I tillegg har Lom kommune prioritert bibliotek høgt over fleire år. I 2017 brukte vi over dobbelt så mykje per innbyggjar til bibliotek som landsgjennomsnittet. Med bakgrunn i dette vart det foreslått å redusere budsjettet til biblioteket. Dette kuttet var eitt av svært mange utfordrande kutt som vart vedteke av kommunestyret. Kuttet i bibliotekbudsjettet vart vurdert som gjennomførbart og utan vesentlege konsekvensar for tilbodet – og framleis med betydeleg høgare ressursinnsats enn landssnittet elles, kommenterer Helstad.