– Eit fint tiltak, seier skogbrukssjef Per Ekre om arbeidet med å rydde faret til Lauvåe i Sjårdalen.

Han legg til at det er grunneigar sitt ansvar å rydde i slike bekkefar for å unngå at vatnet blir demt opp.

– Det var på høg tid, seier Oddmar Steinfinsbø, ein av dei fem som den siste tida har lagt ned mange timar med å rydde bekkefaret for tre og brask.

Steinfinsbø fortel at det låg tre både langsmed bekkefaret og tvers over.

Frykta for at tre, is og anna brask skulle demme opp bekken ved brua til Flaten, gjorde at dei setje i gang ryddearbeidet.

Halfdan Kluften fortel at 13 eigedomar ligg inntil bekkefaret og kan bli råka dersom Lauvåe går over sine breidder, eller tek eit nytt far som under storflaumen i 1938.

Lauvåe kryssar både eingardsveg og fylkesvegen gjennom grenda.

Jon Sanden fortel at dei har rydda bort mellom 25 og 30 tre frå bekkefaret.