Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er John Viktor Repp i Sjårdalen som vart 1 år den 15. april.

John Viktor vart gratulert i avisa av bestemor og bestefar, onkel Kjell Magne, onkel Ole Ragnar, oldemor og oldefar.

Han fekk også helsing frå dei nedpå Øyer.