Alt tyder på at Skjåkheimen, som i dag brukar straum til oppvarming, vil gå over til biovarme. Det ynskjer i alle fall formannskapet, som samrøystes rår kommunestyret til å fatte vedtak om dette.

Overgangen frå straum til biovarme vil vera i tråd med den allereie vedtekne klima- og energiplanen i kommunen.

Skjåk kommune har fått ein førespurnad frå Skjåk Almenning om å inngå intensjonsavtale om kjøp av biovarme frå eit nystarta selskap, Skjåk Biovarme AS. Dette skal vere eit selskap som skal byggje og drifte eit fjernvarmeanlegg i Bismo. Anlegget skal levere vassboren varme produsert av skogflis frå lokalt råstoff.