Fantastisk! Vi låner orda til regionsjef Frode Damstuen for å setje ord på urpremieren av ungdomsmusikalen Riverland i Otta kulturhus fredag kveld.

- Publikum sin reaksjon lyg aldri, sa Damstuen da han takka ungdommane og alle dei som står bak årets ungdomsmusikal etter premieren.

- Du tryllar med ungdommen, var det ein som sa til regissør Arild Halvorsen på veg ut av salen etter førestillinga.

RørtÅrets musikal er eit heilt unikt og nytt produkt som baserer seg på Lars Bakke sine tekstar og musikk frå gruppa Lomsk si plate «Amerikabrevet». Det er gjort eigne arrangement på songane, og i tillegg har Bakke skrive og komponert heile fem nye songar for musikalen.

- Når eg høyrer ungdom som syng songane mine av heile sitt hjarta og sjel, føler eg at eg har lukkast med noko. Eg var rørt mange gonger under førestillinga, sa Lars Bakke etter at premieren var over og sceneljoset sløkt.

Familien ElvestadUngdomsmusikalen starta opp i 1998 og Riverland er den 13. i rekkja. I motsetnad til oppsetjingar som «Jesus Christ Sperstar», Grease» og «Fame», er Riverland ein musikal med lokal forankring der handlinga tek utgangspunt i utvandringa til Amerika på slutten av 1800-talet.

Riverland er ei historie der ein følgjer familien Elvestad frå Nord-Gudbrandsdal gjennom 125 år, heilt frå den eine sonen på garden emigrerer til Amerika i 1893 og fram til i dag.

Karoline Rundsveen i rolla som forteljarstemma Gine og hennar interesse for si eiga slektshistorie, var det berande i førestillinga. Ein følgjer familien Elvestad på Amerikareisa, blir med på fødslar og død. Ser korleis nokon klarer seg, medan andre hamnar i trøbbel.

Ekte og næreKanskje kan musikalen vere med og inspirere publikum til å finne ut meir om sine slektningar som reiste til Amerika? Gjere som Gine og gå gjennom brev og bilder som er sendt mellom familien her heime og dei i Amerika. Vi er sikre på at mange i salen i løpet av dei seks førestillingane musikalen skal gå, vil kunne fortelje liknande historier som det Gine gjer. Difor kjennes musikalen Riverland så ekte og nære.

Dei 33 ungdommane på scena tok med publikum på ein fantastisk historisk reise i ord, song, musikk og dans. Ei reise og førestilling med sorg og glede, latter og tårer. Førestillinga handlar noko om vår eiga historie, om skjebnar frå bygdene våre som reiste ut frå fattige kår for å prøve lykka «over there». Eller som det vart sagt i førestillinga; «ein finn ikkje lykka, men må skape den sjølv».

Sterke prestasjonar

Blant aktørane på scena, var det fleire sterke prestasjonar. Eirik Odde frå Bøverdalen og Julie Garmo frå Garmo i  rollene som odelsguten Paul Elvestad og kona Gjertrud var to ungdommar som gav liv til sine roller. Edvard Randen frå Skjåk som spela heile fem roller, var ein annan av ungdommane som imponerte. Likeins Martin Steinum Brun frå Vågå hadde fleire roller.

Sjølv om det primært er ungdommar frå Nord-Gudbrandsdal som står på scena, er det også med ungdommar frå andre plassar.  Neri Bakkjen i rolla som Syver Elvestad og Ånund Myhren i rolla som Trond Elvestad, båe to frå Oslo, imponerte med sitt skodespel, song og spretne hallingkast.

Tankevekkjar

Musikalen Riverland var så mykje meir enn ein historisk reise til Amerika. Den var også ein tankevekkjar til korleis situasjonen er i verda i dag.

Dei som emigrerte til Amerika frå Nord-Gudbrandsdalen på slutten av 1800-talet måtte ta sine val. Reise frå det kjente og inn i det ukjente. Slik også mange av dagens flyktningar som kjem til Europa og Noreg må ta sine val.

Suksess

Tidlegare ungdomsmusikalar har vore suksessar. Skal ein tru publikum sin dom etter premieren fredag kveld er Riverland ein ny suksess. For publikum lyg ikkje.