Jord og stein har sklidd ut og inn i autovernet på innsida av riksveg 15 mellom Lalm og Vågåmo.

Så langt har det ikkje rasa noko over autovernet og ut i vegen, men for å vere på den sikre sida har Statens vegvesen sett opp trafikkljos og vegen er innsnevra med ei køyrebane over ei lita strekning i Snerlestigninga.