På ein gard på Ramstadstrond i Skjåk har det gått eit jordskred.

Det har dei siste par døgna vore høg nattetemperatur noko som har ført til rask smelting og blaut grunn.

Brukaren på garden fortel at noko liknande aldri har skjedd, så vidt han veit, og at det er ei oppkome (kjelde, journ. merk) ovanfor jordet som verkeleg har fått fart på seg.

Det er ikkje fare for husa på garden.

Erling Dagsgard ved landbrukskontoret i Skjåk seier at dette er å karakterisere som ein naturskade som gjev grunnlag for erstatning.

– Det er generelt viktig å merke seg at naturskadar har ein eigedel på 10.000 kroner, seier Dagsgard.