Når flytta du frå Ottadalen?

– Eg flytta til Otta da eg starta på vidaregåande og budde der i to år. Elles har eg vore innom Lillehammer, Hamar og Lillestrøm, og er snart på mitt niande år i Oslo.

Kva saknar du mest?

– Det eg saknar mest er familie og vener. Det er mykje eg gjerne skulle ha vore med på, men som eg ikkje har moglegheit til, og eg ynskjer ofte at det skulle vore mindre avstand mellom oss. Ein sjeldan gong saknar eg stillheita, men det går som regel over etter eit par dagar i heimbygda. Da saknar eg plutseleg lyden av ein travel og hektisk by.

Kva knyter deg til heimbygda nå?

– Eg er ganske sjeldan heime på besøk, men når eg reiser heim til Skjåk, er det fyrst og fremst for å besøke familie. Elles er det skikkeleg artig å møte gamle kjente når eg er heime, spesielt i høgtidene, da mange samlast.

Kva er grunnen til at du busette deg der du bur i dag?

– Eg har vel alltid vore ei «byjente» som trivst best med at det skjer mykje rundt meg. Det å kunne vera impulsiv og oppsøkje ulike arrangement og aktivitetar når eg vil, har vore viktig for meg. Å bu i Oslo inneber at eg kan vera fleksibel og spontan, i tillegg til at det er enkelt å møte nye folk.

Kva arbeider du med?

– Eg er sjukepleiarstudent på heiltid, og jobbar i klesbutikk og på sjukeheim ved sidan av studiet.

Har du ynskje om å flytte attende til Ottadalen, og kva må i så tilfelle til for at du gjer det?

– Eg må jo vera såpass ærleg og seie at eg ikkje ser for meg at det skjer. Eg trivst så godt på litt større plassar. Det er vanskeleg å si kvar eg kjem til å ende opp til slutt. Mykje kjem nok an på både arbeid og relasjonar. Nei, det blir spennande å sjå.

Korleis held du deg oppdatert om det som skjer i heimbygda di?

– Det blir mange gode telefonsamtalar med familien i Skjåk, og da pratar vi også om ting som skjer i bygda. Elles får ein jo med seg ein del på sosiale medier, og det er fint å kunne fylgje med på kva som rører seg i livet til dei eg bryr meg om.

Kva er ditt beste minne frå Skjåk?

– Det er så mykje at det er håplaust å trekkje fram berre eitt minne. Eg hadde ein utruleg fin og trygg barndom med mykje leik ute i flott natur. Ein kunne berre gå ut døra så hadde ein liksom verdas største leikeplass å boltre seg på. I tillegg hadde eg ei fantastisk ungdomstid med mange gode vener som for meg var heilt unike. Eg kjenner meg heldig som kan sjå attende på så mange fine minne.

Er det éin eller fleire ottadølar du saknar spesielt?

– Det er fleire eg saknar og som eg gjerne skulle både sett og prata med oftare. Det er ulike folk ein saknar i ulike situasjonar, og som ein skulle ynskje var der saman med ein. Men «ingen nemnd, ingen gløymd.»

Kva hobbyar og interesser har du utanom jobb?

– Eg likar å vere sosial så eg bruker mykje tid saman med vener. Elles er eg glad i å gå turar, ta eit kafèbesøk, reise og lese ei god bok. Eg deltek på ulike arrangement i byen og likar å ha mykje å gjere. Men min aller største lidenskap er konsertar og festivalar. Det er noko av det som gjev meg mest glede og energi, og kor eg følar meg mest levande.