Frå 1. januar 2020 bur både opplendingar og hedmarkingar i Innlandet fylke.

Sjølv om fylkesutvala i dei to fylka har bestemt seg for namnet "Innlandet", er ikkje namnekampen over.

Sist helg hadde Noregs Mållag landsmøte i Vinje i Telemark, der det vart vedteke ei fråsegn som seier klart ifrå om at dei nye fylkesnamna er dårlege.

Det er særleg tre namn mållaget ikkje likar: "Innlandet", "Viken" og "Vestland".

- Dei tre namna er rare og klønete. Dei har ikkje noko forankring i norsk språktradisjon, seier nyvald leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn til NRK.

Leiaren i mållaget håpar at Stortinget set foten ned.

- Vi ynskjer ein betre prosess, med ei skikkeleg høyring. Difor håpar vi at Stortinget lyttar til dei råda som har kome frå språkrådet, og startar prosessen på nytt, seier Aasbrenn.

Mållagsleiaren seier at dette er namn som kan bli ståande i hundrevis av år.

- Då er det ikkje lurt å velje namn som bryt med all norsk namnetradisjon, seier Magne Aasbrenn.