Kva er mest spennande med Lom?

– Eg tykkjer det er bra at Lom er ein liten plass. Eg likar ikkje storby. Der er eg minst mogleg. Også likar eg at det er mykje å finne på for oss som interesserer oss for gardsarbeid og traktorkøyring.

Kva manglar Lom?

– Fleire møteplassar for ungdom. Nå er det liksom berre ungdomsklubben og det er ein kveld i veka. Lom skulle også hatt fleire organiserte aktivitetar, rett og slett eit alternativ for oss som ikkje vil drive med idrett.

Kva brukar du mest tid på?

– Gardsarbeid. Onkelen min har gard, og der er eg med og hjelper til kvar dag. Eg hjelper til med fjøsstell, skruing og det han treng hjelp til. Onkel har mellom 20 og 30 mjølkekyr og 65 vinterfôra sauer.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– Når ein har passert 60 år så tykkjer eg at ein tek til å bli gamal.

Kva vil du bli?

– Eg satsar på å bli lastebilsjåfør innan anlegg eller noko liknande. Kanskje brøytebilsjåfør. Eg har hatt interesse av lastebilar all min dag.

Kva er det beste med å vera ung?

– At ein er nokså fri, og slepp unna nesten alt av utgifter.

Kva er det verste med å vera ung?

– For meg er det at eg ikkje har førarkort på noko. Eg ser fram til å få førarkort både på traktor og bil. Da slepp eg å vera avhengig av at nokon må køyre meg dit eg skal.

Kva engasjerer deg?

– Eg er ikkje særleg interessert i politikk, men når det kjem til landbrukspolitikk blir eg engasjert. Eg tykkjer det er viktig at bøndene har gode vilkår og at dei skal ha det bra. Eg tykkjer det er viktig at ikkje alle småbruk og små gardar blir lagt ned.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Det må stå meir i avisene som interesserer ungdom. Slik som denne spalta her til dømes. Ungdomsstoff er viktig.

Blir du verande i Lom?

– Ja, forhåpentlegvis. Eg likar meg godt her. Det er i Lom eg alltid har halde til, så da er det ikkje nokon grunn til å flytte.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg er ein del på Facebook. Når eg legg ut noko så er det ofte eit bilde av ein traktor. Det er ikkje ofte eg skriv statusoppdateringar. Eg sjekkar ofte gruppene eg er medlem av, og ser kva andre legg ut.

Kva gjer deg trist?

– Når nokon som står meg nær døyr, eller når det skjer dei noko.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjere da?

– Da ville eg ha brukt ein del pengar på ungdomsskulen. Eg ville ha pussa han opp og fornya mykje av utstyret. Skulen ber preg av at han har vore med ei stund.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Lom?

– At det er ein fin og triveleg plass. Såpass at det er her eg har lyst til å bu i all framtid.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Slik eg har oppfatta det var det mindre press på korleis ting såg ut før i tida. I dag er ungdomen oppteken av at ein skal vera perfekt og sjå bra ut. Det jaget var det ikkje før.

Kva er din største draum?

– Å bli lastebilsjåfør og trivast med jobben som det.

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Det kjem an på kven eg pratar med.

Kor ofte sjekkar du mobiltelefonen?

– For ofte. Det har eigentleg vorte ei uvane.

Om du vann 1 million kroner. Kva ville du bruke pengane på?

– Da ville eg ha kjøpt meg ein gamal stroken amerikanar, og eit par traktorar.

Kva er det viktigaste i livet?

– At ein har det bra og har folk å vera saman med.

«Ung i Ottadalen» er ei spalte vi har i Fjuken eit par gongar i månaden, der vi intervjuar ei jente eller ein gut i ungdomsskulealder. Har du forslag til «Ung»-kandidat? Send ein e-post til journalist Tom Erik Solstad