Festframsyninga, som hadde fått namnet «Gullklokka», inneheldt det meste. Somme dansa, andre spelte toradar eller fele. Somme spelte hardrock så høgt at nesten heile Utgard stod og dirra, medan andre song vakre, stillferdige viser. Her var det noko for ein kvar smak.

Det var litt trøbbel med det tekniske utstyret nå og da denne kvelden, men det takla kulturskuleelevane på ein framifrå måte. Somme gonger svikta lyden på gitarar eller mikrofonar, men det var ingen som fekk panikk av den grunn. Elevane stoppa opp, fekk fiksa problemet - og starta på nytt. Det var skikkeleg imponerande.

– Dette var kjempebra, ein utruleg fin gjeng og ein fin jubilant! sa ordførar Elias Sperstad da konserten var over. Han tok publikum med på ei lita historisk reise attende i tid, frå da kulturskulen vart etablert i 1993.

– Vi var tidleg ute i Skjåk, og det har vore utruleg løyleg heile vegen. Vi har enormt flinke ungar, og vi har svært flinke vaksne. Eg har alltid beundra lærarane ved kulturskulen, sa skjåkordføraren, som hadde med seg ein sjekk på 10.000 kroner til 25-årsjubilanten.