Eli-Johanne Lundemo, leiar i arbeidsgruppa for etterbruken av Marlo skule, fortel at det har meldt seg interessentar som ynskjer å kjøpe skulen.

Kommunen har òg fått førespurnad om å leige ut lokale. Det har blant anna kome forslag om å bruke skulen til dans, teater eller ungdomsklubb, - som eit kultursenter.

– Det har vore mykje fram og attende, og det må snart koma ei avklaring. Det er kommunestyret i Skjåk som må ta stilling til om det kan vera aktuelt å selja skulen. Arbeidsgruppa vil leggje fram ei sak til politisk behandling i løpet av mai, opplyser Eli-Johanne Lundemo.

Sjølv har ho leikt med tanken om å bruke Marlo skule som eit slags museum, eller til å samle kulturgjenstandar som nå er spreidd i ulike delar av kommunen.

– Kommunen har liggjande mange ulike museumsgjenstandar som fortener å bli utstilt og gjort synlege for publikum. Kanskje kan det vera ein idè å bruke Marlo skule til dette, funderer Lundemo.

Nå må det uansett snart setjast punktum for det ho kallar «idèmyldringsprosessen».

– Dei som har idèar om kva skulen skal brukast til, dei som ynskjer å leige, dei som ynskjer å kjøpe: Kom på banen nå. Det må leggjast fram ei sak før våren er omme, og gode forslag blir framleis motteke med takk.

Rådmann Svein Holen seier at han ikkje har konkludert i saka.

– Eg vil sjølvsagt ta innspela frå arbeidsgruppa opp til vurdering før eg presenterer ei innstilling til politikarane. Kva den innstillinga blir, er det for tidleg å seia noko om.

Hausten 2018 skal elevane frå både Marlo skule og Nordberg skule ta til på nye Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo. Dei to skulebygga vil derfor bli ståande tomme. Det knyter seg stor spenning til kva innhald og aktivitetar dei to grendeskulane vil få – etter kvart.

Nordberg skule er, som tidlegare kjent, selt til brørne Afrim og Liridon Krasniqi for 450.000 kroner. Dei to brørne har planar om å etablere ein internasjonal skule med elevar frå USA, Russland og Kina. Målet er å opne skulen hausten 2019. Det har ikkje lukkast Fjuken å få kontakt med brørne dei siste vekene.