Opninga skal gå føre seg laurdag 16. juni. Fylkesordførar Even Aleksander Hagen skal òg vera med på den offisielle opninga.

– Klima- og miljødepartementet kjem med ein stor delegasjon til Lom, truleg fem-seks personar, opplyser Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellsenter.

Det er lagt opp til ei mangfaldig feiring i Lom denne helga. Det er ikkje berre den nye utstillinga som skal feirast. I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje, som gav namn til Jotunheimen, vart fødd. Det er òg 150 år sidan DNT vart stifta. Helga den 16. og 17. juni skal rett og slett vera ei feiring av fjellet.

Programmet er mangfaldig. Motbakkeløpet «Lomseggen Upp» skal arrangerast, det skal vera konsertar og gratis festforestilling for alle. Turar blir det òg, blant anna til mannsgrava på Læshø. Dette vikingfunnet får ein sentral plass i utstillinga «Bergtatt», saman med dei brearkeologiske funna og mykje anna.