– Det er viktig for oss at terskelen for å rykke ut ikkje er for høg. Det skal ikkje vera pengane som styrer om folk på bakvakt skal rykke ut eller ikkje når publikum har eit reelt behov for bistand frå politiet.

Nestleiar i Politiets Fellesforbund, Finn Arne Hvalbye er klar i talen når det gjeld politiet og bemanninga i regionar som Ottadalen.

Hendinga på Grotli hotell sist i påsken, der vertskapet fekk, melding om at politiet ikkje kunne rykke ut, har skapt reaksjonar.

Folk undrar på kor fjernt politiet skal bli attpå den såkalla nærpolitireformen.

Utan å koma inn på den konkrete hendinga på Grotli, som frå lokalt hald er meldt inn som eit avvik, seier Hvalbye at terskelen for å rykke ut har vorte for høg. Dette har i hovudsak bakgrunn i dei økonomiske rammene Innlandet politidistrikt har.

– Det skal ikkje vera slik at folk som ringer politiet skal bli møtt med «Nei, nei og nei» når dei ringer. Da sluttar folk å ringe. Tenk deg viss einkvan ringer 113 og klagar over smerter i brystet, da vil ikkje vedkomande få beskjed om å ringe oppatt når det har vorte eit skikkeleg hjerteinfarkt, seier Hvalbye.

Kriminalstatistikken i Ottadalen er heldigvis låg, og folk er stort sett lovlydige.

– Men det blir feil viss politileiinga seier det skjer så lite i Ottadalen at vi kan kutte ressursar der. Politiet ute i regionen kan ikkje takast frå meir ressursar nå. Ein når etter kvart ei smertegrense for kor mykje ein kan redusere bemanninga viss ein skal ha ein forsvarleg beredskap, seier han.

Hvalbye vedgår at også politiet må tilpasse seg knappare ressursar, men at det faktisk trengst folk for å ha ein beredskap som gjer at folk skal kjenne seg trygge.

Han dreg ein parallell til ein annan naudetat, brannvesenet.

– Det brenn ikkje i Ottadalen kvar dag, men likevel har de ein beredskap som er mykje betre enn politiet. Det same gjeld ambulansetenesta, seier Hvalbye. Politiet må ha folk for å oppretthalde ein forsvarleg beredskap.

Lensmannskontora i Vågå og Skjåk er borte, kva som vidare skjer med kontoret i Lom må ikkje fremstå som usikkert.

– Nå er det kutta nok, ein kan ikkje gjera kontoret i Lom mindre. Det vil vera uforsvarleg, meiner nesteleiaren i Politiets Fellesforbund.