Desse fem har valt å kjøpe eit eksisterande aksjeselskap, Bismo Elektro AS, som dei siste åra har vore drive som eit konsulentfirma med liten aktivitet.

Dei fem elektrikarane har søkt Skjåk kommune om etablerarstipend frå næringsfondet. I søknaden kjem det fram at selskapet allereie har fått mange førespurnader om arbeid – og at dei ynskjer å ta til med desse så fort som råd. Dei meiner det blir enklare å drive ei mindre verksemd med færre tilsette enn det som var tilfelle med Ottadalen Installasjon AS. Dei meiner òg at marknaden i Skjåk og omegn er stor nok for det nye selskapet.

– Det er alvorleg når fem personar i ei lita bygd som Skjåk mistar stillingane sine. Det er prisverdig at dei same fem ynskjer å starte opp att med eiga verksemd, heiter det i saksutgreiinga som torsdag blir lagt fram til behandling i miljø- og næringsutvalet.