Vågå fjellstyre tykkjer det er positivt at Statens vegvesen ved turistvegprosjektet vil oppgradere rasteplassen i Sjodalen.

I grove trekk dreier oppgraderinga seg om å gruse opp plassen, støype ein kant/ganbane med rekkverk ut mot elva Russa, avgrense eit areal for sitjegrupper, søppelkasser og informasjontavle.

Fjellstyret stiller spørsmål om behovet for ei støypt gangbane ut mot elva, og ser på ein slik installasjon i betong som eit framandelement som ikkje fell så godt inn i terrenget.

Det er stort behov for offentlege toalett i Sjodalen, og fjellstyret meiner det også må byggjast toalett her. Fjellstyret viser i si uttale til at det sist sommar var svært utrivelege forhold i «buskane» ved mange av dei små rasteplassane i Sjodalen.

Dersom rasteplass ved Russa ikkje blir stor nok, meiner fjellstyret at ein kan flytte heile rasteplassen lenger nord på Russtangen der det i dag står infotavle om fisking.