Måndag 9. april var alle ungdomskulane i Region Nord-Gudbrandsdal klare til å gjennomføre det mobilfrie døgnet.

Ungdomskonsulent Jørgen Vole i Vågå fortel at det har vore stort engasjement og velvilje frå skulane for å delta i dette prosjektet.

Det mobilfrie døgnet er ikkje meint som ein kamp mot mobilbruk, men som ein vekkar i eit moderne samfunn der mobilen faktisk er med å styrer kvardagen til mange av oss.

Konkurransen starta i siste skuletime ved at læraren samlar inn mobilane til dei elevane som ville delta. Elevane får att telefonane sine akkurat eit døgn etterpå, den 10.april.

Den klassa som har prosentvis flest deltakarar vinn 3.000 kroner. Det blir også gjeve ein tusenlapp kvar for andre og tredje plass. Er det fleire klasser med lik toppscore blir det trekking.

1.-premien blir delt ut direkte til den klassa som vinn i siste timen av skuledagen tysdag.

I klasse 10 B ved Vågå ungdomsskule var det berre tre elevar som leverte inn telefonane.

Med 20 elevar i klassa vil deltakarprosenten bli såpass låg at klassa kan sjå langt etter nokon premie.

I siste friminutt var det hektisk aktivitet på mobiltelefonane, for å sjekke siste snappen.

For det var såkalla snap-streak som var grunnen til fire jenter i 10. klasse ikkje ville levere inn telefonane sine.

Snap-streak er noko ein får ved å sende bilder og videoar til ein venn over fleire dagar i strekk på Snapchat. Somme kan halde på i fleire hundre dagar med ein snap-streak, og ein kan bli skikkeleg hekta.

Dei fire jentene sa dei var avhengige av telefonen, men vedgjekk også at det er ein uvane at ein stadig må sjekke telefonen sin.

Jørgen Vole sa det var ein klar tendens at til yngre elevane er, til større prosentdel av elevane var det som leverte inn telefonane sine.

I ei av 8. klassene var det 100 prosent oppslutnad.

Jørgen Vole fortel at det også er to klasser frå Lom og ei frå Heidal som har 100 prosent deltaking på det mobilfrie døgnet.

Men...

I ei av 9. klassene i Lom vart lengselen etter telefonane så stor at ni elevar kom og bad om å få att telefonen sin etter eitt kvarter!