Dølatreff har vore arrangert i Oslo sidan 2007. Dette er eit av Noregs største arrangement i sitt slag, der ein samlar utflytta «sambygdingar» for å dyrke felleskap og tilhøyre til regionen sin. Aldersspennet på gjestane varierer frå 18 til over 80 år. Underhaldninga har alltid vore artistar med tilknyting til Gudbrandsdalen.

Årets fire artistar står for eit stort spenn sjangermessig, og har alle utmerka seg dei siste åra.

Baksia har vore med sidan fyrste Dølatreff.

Black Ice er eit rutinert AC/DC coverband med base i Gausdal. Dei er ekstra aktuelle i desse dagar da dei er vidare til direktesending og seminfinale i Norske talenter på TV2.

Chinook Lamers frå Sør-Fron er også kjent for dei fleste. Ho er fyrstereis i Dølatreff-samanheng, og den som opnar årets treff.

DÅM stille med fengande rap på dovring.

Det er venta rundt 1.000 oslodølar og andre til årets treff som blir arrangert på Rockefeller av Fjellfestivalen Rondaståk.