Høgres landsmøte:

Bjørgen med klart nei til auka bilavgifter

Lillehammer/Innlandet Unge Høgres leiar, Torstein Bjørgen frå Garmo i Lom, var klar i talen under debatten til resolusjonen «Grønn omstilling».

Nei: Torstein Bjørgen sa klart nei til auka avgifter på bensin- og dieselbilar.  Foto: Skjermdump

Nyheiter

Bjørgen sa følgjande til forslaget om å auke eingongsavgifta på fossile bilar:

– Å auke eingongsavgifta på fossile bilar er for Høgre eit særs dårleg steg å ta. Det strir imot Høgre sin ideologi å bruke pisken, når vi i staden burde bruke ei gulrot. Det er slike utsegn som skapar klamme fordommar rundt Høgre i distrikta. Fasilitetane ligg ikkje til grunn for at vi kan fase ut bruken av fossile bilar, sa han mellom anna.

Bjørgen hausta applaus for replikken sin, og forslaget om å auke avgifta på «fossile bilar» fall etter endt debatt med stort fleirtal.