Storsvingen ovanfor avkøyringa til Lauvrud er kjent for å vere sleit og glatt ved vått føre. Opp gjennom åra har fleire bilar sklidd ut i svingen, noko merke på fleire furutre vitnar om.

Fredag vart det eit nytt merke på ei furu da føreren av ein VW transporter missa kontrollen over bilen i svingen.

- Eg hadde ikkje stor fart og prøvde å styre bilen mellom trea, fortalde føraren til Fjuken som kom like etterpå.

Mange stoppa og tilbaud hjelp. Løysinga vart ein traktor som drog bilen på vegen att. Bilen fekk materielle skadar i samanstøtet med eit trea. Føraren oppfordrar folk som køyrer Skårsbrekka om å vere forsiktige slik at dei ikkje opplever det same.