I ei pressemelding heiter det at ein håpar at formalitetane er på plass og at verksemda er i gang i løpet av neste veke.

– Det er mykje jobb i startfasen, men vi hadde ikkje byrja med dette om vi ikkje hatt trua, seier dagleg leiar Lars Ø. Kleppe.

Nedslagsfeltet til det nye firmaet vil, som namnet seier, vera Ottadalen. Firmaet er ute etter nye lokal, men ein reknar med at dette let seg ordne fort.