Det er uvisst når rv15 vil opne att ved Byrbergtunnelen, etter at det gjekk eit snøskred på vestsida av tunnelen ved 15-tida laurdag.

– Vegen er framleis stengt. Geolog er på veg og skal opp i helikopter og få ei oversikt over området og sjekke om det er fare for nye ras, seier trafikkoperatør Christofa Key-Nilsen i Vegtrafikksentralen Øst til Fjuken rett før klokka 18 laurdag.

Ho reknar med at ein veit meir om ein times tid.

– Det er ikkje aktuelt å opne vegen att før geologen har sjekka området og seier at det er trygt for nye ras, seier Key-Nilsen.

Trafikkoperatøren fortel vidare at også omkøyringsvegen, fylkesveg 468 Solsidevegen, vart stengt rett før klokka 18.

– Stor teleløysing i kombinasjon med at denne vegen ikkje er dimensjonert for så stor trafikk, er grunnen til at vegen vart stengt. Eit stort antal bussar, lastebilar og vanlege personbilar valte å snu ved Byrbergtunnelen og heller køyre Solsidevegen, men dette vart ikkje noko suksess. Fylkesvegen er nå full av køyrety og det er ikkje framgang i trafikkflyten i det heile teke, seier Christofa Key-Nilsen.

Etter det Fjuken kjenner til har det vore, og er framleis, trafikkaos både på riksvegen og på fylkesvegen som fylgje av raset og stenginga.

Politiet i Innlandet ber trafikantane om å vera aktsame og ikkje setja andre i fare ved å snu i vegbana.