– Det er innført manuell dirigering på staden, med atterhald om at vegen kan bli stengt på stutt varsel, seier trafikkoperatør Arvid Wahlstrøm i Vegtrafikksentralen Øst.

Rv15 vart opna att klokka 19.00 laurdag kveld. Da hadde vegen vore heilt stengt sidan 15-tida, da det gjekk eit snøskred over riksvegen på vestsida av Byrbergtunnelen på grensa mellom Lom og Vågå.

Wahlstrøm fortel at eit helikopter med fagpersonell, mellom anna geolog, har vore over rasområdet og inspisert, og at det på bakgrunn av dette vart vurdert til at det ikkje er fare for nye ras ved Byrbergtunnelen.

Statens vegvesen har mannskap på staden utover kvelden og natta, og det vil vera manuell dirigering ved Byrbergtunnelen til sundag.

Vegtrafikksentralen kan melde om at også Solsidevegen, fv468, er opna att.