Sjukehuset Innlandet har bestemt seg for å utvide det radiologiske tilbodet ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta i påska, som ei prøveordning.

– Dette er noko vi har ynskt å få til lenge. Ved hjelp av radiografar frå sjukehuset på Tynset vil det vera ope røntgentilbod ved lokalmedisinsk senter på Otta kvar dag i påska, med beredskap på kveldstid. Røntgenbilda vil bli sendt digitalt til Sjukehuset Innlandet på Lillehammer, der radiologar vil vurdere bilda som grunnlag for vidare behandlingsopplegg og eventuelt behov for sjukehusinnlegging, fortel Herman Stadshaug, kommunikasjonsrådgjevar ved Sjukehuset Innlandet.

Han fortel at det lokalmedisinske senteret, parallelt med utvidinga av røntgentilbodet, òg vil styrke bemanninga for lege- og hjelpepersonell.

Ordninga skal leggje til rette for at pasientar i området kan få ei raskare fagleg vurdering utan ei lang reise til sjukehus. Det kan òg resultere i at fleire ambulansar er tilgjengelege for akutte oppdrag i Nord-Gudbrandsdalen, der det normalt er mange turistar i påska.

– Dette er ei spennande prøveordning. Fagmiljøa på sjukehuset bidreg med kompetanse og vi håpar dette blir godt motteke blant pasientane, seier divisjonsdirektør Geir Kristoffer, ansvarleg for prehospitale og desentraliserte tenester i Sjukehuset Innlandet.