Det er to søkjarar til stillinga som assisterande rektor ved Vågå ungdomsskule. Dei to er er Ketil Størseth (42) frå Vågå som i dag er lærar ved vaksenopplæringa i Lom, og Arnt Odnes (51) frå Vågå som i dag fungerer som assisterande rektor ved ungdomsskulen.

Til stillinga som rektor på Lalm skule, var det fem søkjarar.

Ketil Størseth frå Vågå, Tor-Even Vågheim (33) frå Vågå er i dag lærar på Vågåmo skule, Øyvind Herland Berge (34) er i dag undervisningsinspektør/avdelingsleiar ved Kjelsås skule i Oslo, og Hilde Engvik Lusæter (57) frå Heidal som er leiar regional PP-teneste i Nord-Gudbrandsdal.

Ein søkjar trekte søknaden.

Kommunalsjef Jan Egil Fossmo i Vågå kommune, seier dei har som mål å få innstilt kven som blir assisterande rektor ved Vågå ungdomsskule og rektor ved Lalm skule før påske.