Styret i Lom og Skjåk dialekt- og mållag meiner Rekarved har markert seg som eit føredøme for lokale verksemder som ynskjer å syne ein sterk identitet, gjennom å skrive på klingande og vakker nynorsk på fjesboka.

Målpris

Det er skjåkværen Tom André Hånsnar som står bak og driv verksemda som steller til handlaga møbler, ofte gjort av gamalt material. Tysdag troppa Elin Husom Slålien frå styret i Lom og Skjåk dialekt- og mållag opp hjå Rekarved i Bismo, for å overrekke målprisen. Hånsnar visste ingenting på førehand.

– Oi! Dette var ikkje venta, men det er sjølvsagt utruleg stas at slik blir lagt merke til, sa Tom André Hånsnar da han tok imot diplom og eit påskeegg med godbiter oppi.

I starten av mars gjekk Lom og Skjåk dialekt- og mållag ut på Facebook der dei bad folk kome med forslag på bedrifter som brukar nynorsk på ein god og gjennomført måte. Elin Husom Slålien fortel at laget fekk inn i alt åtte gode forslag som vart vurdert. Rekarved vart føreslege av fleire personar, og vart altså kåra til vinnar av målprisen.

– Du har eit munnleg og lett språk på fjesboka, og du er eit forbilde for mange, og eg håpar mange andre gjer som deg, sa Elin Husom Slålien under overrekkinga i Bismo tysdag.

– Eg har heile tida vore konsekvent på å halde på nynorsken, og eg er av dei «kjedelege» personane som vil ha alt av skjema på nynorsk, svara målprisvinnaren.

Årleg utdeling

Dette var fyrste gongen Lom og Skjåk dialekt- og mållag delte ut ein målpris til ei verksemd som brukar nynorsk i reklame og promotering. Elin Husom Slålien fortel at utdeling av målpris er noko som blir ein årleg tradisjon om våren.

Vil at fleire skal bruke nynorsk

Ho fortel vidare at styret i Lom og Skjåk dialekt- og mållag har eit håp om at verksemder i kommunane som i dag brukar bokmål, tør å gå over til nynorsk.

– Vi i styret er positive til å bidra med tips og råd til bedrifter som kunne tenkt seg å byrje å bruke nynorsk i kvardagen, og eg oppmodar eventuelle bedrifter om å ta kontakt, seier Elin Husom Slålien.

Lom og Skjåk dialekt- og mållag vart stifta i 2017 og er eit lag for alle som er opptekne av dialekt og nynorsk.