Brimi fjellstugu AS, Brimi gard & seter AS og Garmo idrettslag ynskjer å lage eit turkart for Tesseområdet mot Garmo.

– Dette er eit tiltak som vil gjere det enklare både for bygdefolk og turistar å koma seg ut på tur. Området har ikkje tilsvarande kart i dag, og vi på Brimi fjellstugu og Brimi seter opplever ofte frustrasjon frå turistar over dette, skriv Lene Brimi.

Dei søkjer om 75 prosent av totalkostnaden frå Tessefondet.

Vårdalen beitelag har planar om å setje opp ei gjetarbu i området Kyreggen/Ekleseterfjellet i Garmo.

Dei søkjer Tessefondet om støtte til dette.