Sidan tidleg på 2000-talet har det vore satsa stort på fiber i Skjåk. Saman med samarbeidspartnar Eidsiva Bredbånd starta det lokale kraftselskapet Skjåk Energi utbygging av breiband via fiber allereie i 2003.

Skjåk var dermed den aller fyrste kommunen i Oppland som starta opp med utbygging av breiband til alle heimar.

«Fiber til heimen»

I 2008 var store delar av det gamle bustadfeltet i Bismo gravd opp for å leggje røyr for trekking og blåsing av fiber, og hausten same året vart denne delen av Bismo kopla opp mot fiber, og «Fiber til heimen»-prosjektet var ein realitet.

Sidan den gongen har Skjåk Energi lagt til rette for utbygging av fiber mange stader i bygda, og fibersatsinga held fram med stormskritt.

Driftsingeniør i Skjåk Energi, Ole Bårdseng, fortel at per i dag er om lag 450 einebustadar påkopla fiber i Skjåk.

– Vi har passert 70 prosent dekning, og i løpet av året vil 80 prosent av dei som bur i Skjåk ha moglegheit til å kople seg på fiberen, seier Bårdseng.

Høg prioritet

Hjå Skjåk Energi har fibersatsinga stor prioritet om dagen. Fram mot sommarferien jobbar dei fleste montørane ute i felten med utbygginga.

Nå er det strekninga frå Aurmo mot Lom solside som står for tur, noko montørane er i full gang med.

Elverksjef Lars-Egar Haugen fortel at fibersatsinga i Skjåk er viktig.

Også ordførar Elias Sperstad er godt nøgd med satsinga.

– Skjåk Energi skal ha stor honnør for utbyggingshastigheita i Skjåk. Vi skal vera glade for at dette blir høgt prioritert. Skjåk blir ofte trekt fram som eit godt eksempel på landsbasis når det gjeld fiberutbygginga, seier Elias Sperstad.

Han fortel at fibersatsinga har mykje å seie, både for dei som allereie bur i bygda, og for dei som ynskjer å busetje seg i Skjåk.

– Om det er tilgang til fiber er eit spørsmål eg ofte får når folk som vil etablere seg her tek kontakt, seier ordføraren.

Skjåk Energi er eit kommunalt føretak eigd av Skjåk kommune, og kvart år blir 1,5 millionar kroner øyremerka til fiberutbygging i kommunen.

Driftsingeniør Stig Banken, elverksjef Lars-Egar Haugen, driftsingeniør Ole Bårdseng og ordførar Elias Sperstad er nøgde med fiberutbygginga i Skjåk. Foto: Tom Erik Solstad