Norges gym- og turnforbund (NGTF) fekk før jul 5 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DnB. Pengane var øyremerkt utstyrspakker til barn og ungdom. Alle medlemslag i NGTF fekk høve til å søkje, noko 180 lag gjorde.

Mellom desse var turngruppa i Skjåk, som vart eitt av 24 lag som får ei utstyrspakke til ein verdi av over 200.000 kroner.

– Alle lag som mottek apparatpakke har synt at dei set aktivitet for barn og ungdom høgt, heiter det i ei uttale frå NGTF.

– I dag er det glade og takknemlege trenarar i Skjåk gym og turn. Artigt at NGTF tykkjer innsatsen som blir gjort her er så god at vi får nye apparat, mellom anna ny airtrack, ny junior-trampet, ulike småapparat og meir til, står det på Facebooksida til den aktive gruppa.