Det var fyrste dagen i vinterferien, måndag i førre veke, at Trym Staurust Eiesar var uheldig i skibakken i Grotli.

Braut armen

– Vi var ein venegjeng som stod slalåm. Plutseleg datt eg, og da greidde eg ikkje å bruke eine armen min, fortel tiåringen som bur i Bråtåvegen i Nordberg i Skjåk.

Når uhellet i skibakken skjedde, dreiv mor Turid Eiesar heime og pakka til planlagt hyttetur den veka. Ho fekk telefon frå mora til ein kompis om kva som hadde skjedd, kasta seg i bilen og møtte dei ved Nysetra.

– Eg ringde legekontoret i Skjåk da eg var på tur oppover etter Trym, seier Turid.

Etter å ha vore ein tur innom lege i Bismo, barst det vidare. Heilt til Lillehammer.

– Legen i Skjåk såg med ein gong at det var brot, og vi fekk beskjed om å reise vidare nedover dalen, seier Turid.

Ein lang dag

Klokka 17 om ettermiddagen var Trym og Turid på sjukehuset på Lillehammer. Der vart det teke røntgen av armen til tiåringen. Etter at røntgen vart teke vart Trym og Turid sitjande i to og ein halv time på kirurgisk poliklinikk og vente. Fyrst på svar på røntgenbilda, og så for å få gipsa armen. Fyrst klokka halv ni om kvelden var Trym og Turid ute att frå sjukehuset.

– Da var vi skrubbsvoltne, og dura rett på McDonald’s for å få kjøpt oss mat, seier Turid.

Trym hadde fått beskjed om å faste av legen i Skjåk, sidan det var uvisst korleis brotet var, og det kunne hende det vart operasjon.

– Det var godt med mat etter ein så lang dag, sjølv om eg eigentleg ikkje er så glad i mat frå McDonald’s, smiler Trym.

Det vart ein lang dag for den uheldige skjåkværen og mora.

– Frå uhellet skjedde i Grotli og til vi var heime att om kvelden gjekk det bortimot 12 timar. Da hadde vi køyrd over 40 mil i bil, seier Turid Eiesar.

Ho legg ikkje skjul på at ho tykkjer det er kritikkverdig at ein ikkje kan få gipsa ein arm på NGLMS, det lokalmedisinske senteret på Otta.

– Ein ting er ventinga på sjukehuset, men det verste er at ein skal måtte køyre heilt til Lillehammer for å få gipsa ein arm. Og snart blir det vel enda lengre å køyre. Eg håpar for guds skuld at det nye sjukehuset ikkje blir på Hamar. Det blir langt nok til Mjøsbrua, seier Turid Eiesar, som rosar personalet på Lillehammer, og ikkje har noko å utsetta på dei.

– Når det gjeld alvorlegare skadar og sjukdom er det greitt nok å måtte til sjukehuset, for da blir ein som regel frakta i sjukebil og da går det fort, men eg saknar at ein kan få sleppe å reise så langt for mindre skadar som til dømes eit enkelt armbrot, seier Turid, som sjølv jobbar i helsesektoren, og stadig ser liknande tilfelle som det sonen opplevde førre veke.

– Nå må vi kjempe for å få noko til Otta, seier Eiesar.

Skisesongen er truleg over for Trym, og vinterferien vart ikkje heilt som planlagt. Men det kunne gått mykje verre, så nokre veker med gipsa arm, ser ikkje guten særleg mørkt på.

– Eg har ikkje vondt. Også slepp eg iallfall unna penskriving på skulen, smiler tiåringen i Skjåk.

– Blir jobba med

Kommunalsjef for helse og omsorg Iren Ramsøy i Sel kommune, seier at dette med å utvide røntgen-tilbodet og behandling av brotskader på NGLMS, er noko det blir jobba med.

– Det er i gang ein prosess med å utvikle og utvide tilbodet på Otta, slik at folk skal sleppe å måtte reise heilt til Lillehammer. Det lokalmedisinske senteret på Otta har både utstyret og kompetansen, seier Ramsøy.