Det seier Kjell Kvålshagen og Sverre Gjeilo som sit i styret i Marlo grendahus. Måndag ettermiddag fekk dei overrekt ein pengesjekk på 40.000 kroner til grendahuset i Skjåk.

Det var komiteen for «fjordedagsfesten» som stod bak overrekkinga, og som hadde bestemt at dei ville gjeva bort ein slant med pengar til «huset» som blir brukt for å gjennomføre den årlege romsjulsfesten.

– Festen har gått med overskot i fleire år. I fjor sat vi att med 23.000 kroner attpå festen, og vi bestemde oss for å gjeva bort overskotet til grendahuset. Det står også ein del pengar på bok, så da runda vi opp til 40.000 kroner, seier Veronica Tråstad i komiteen.

Kjell Kvålshagen fortel at han og dei andre i styret til Marlo grendahus hadde styremøte da han fekk ein telefon frå komiteen, med beskjed om å møte opp måndag for å ta imot ein pengesjekk.

– Vi i styret er utruleg takksame for denne gåva. Pengane kjem godt med, forsikrar Kvålshagen.

Før jul vart det mellom anna kjøpt inn 20 nye bord til grendahuset, og dette blir finanisert med gåva frå komiteen.