I 2016 stilte Felleskjøpet Agri og plastprodusenten Trioplast med rosa rundballar, til inntekt for brystkreftforsking. I 2017 var rundballane blå, til inntekt for forsking på prostatakreft. I år skal rundballane vera gule og inntektene gå til Barnekreftforeininga.

Rundt 180 norske barn blir kvart år ramma av kreft, og takka vere god medisinsk behandling overlever så mange som 75-80 prosent av dei. Mange blir heilt friske, men somme får også varige skadar av behandlinga.

Gulfarga på rundballane er elles inspirert av det internasjonale symbolet for barnekreft, som er ei gullsløyfe. Sidan gullfarga viste seg å vera vanskeleg å produsere, vart plasten i staden gul.

Med eit venta sal på rundt 10.000 rullar med gul plast, reknar Felleskjøpet Agri med eit samla rundballebidrag på 300.000 kroner til barnekreftsaka. Gule rundballar blir å sjå i fleire land i Europa dette året.