av Ola Klepp

Fyrst ein takk til Fjuken som dreg fram i dagen den nære lokale historia. Det er interessant, og det er viktig for at ting ikkje skal gå i gløymselen. Det er historia vi skal lære av.

Dernest tenkte eg å spinne vidare om det eg har høyrt av munnleg tradisjon omkring ting som denne snogvinteren førde med seg.

Saka held fram under lenkene

Rolv Hånsnartredet var syskenbornet til mor. Han hadde eit tindrande klårt minne. Han budde siste leveåra på Skjåkheimen der eg besøkte han i blant. Samtalane dreia seg gjernast om gamle dagar, ting som hadde hendt og slikt som oss hadde opplevd. Siste gongen eg var der – han var da godt i gang med sitt 98. år – kom praten til å dreie seg om ulykker, og plutseleg tek han såleis til ords:

«’N bestefar – damåta – hain va frå Blessomlykkjøynn nepå Vågå, og riktågt i ongdome, vart ’n mæ på dessa store veiganlæggje uppi Uppdal, der det arbeidde folk frå så mange stan. Og så jekk det slik te da serdu, at ’n bestefar vart sjukmældt ein gong og måtte reise heim. Men på di tin som hain va heime, så jekk denna store snogskyu uppi der, og heile arbeidslage hass rauk mæ».

Bestefaren – som var Jon Toresen Blessomlykkja – den gongen 18 år gamal, berga livet ved eit skjebnespel.

Seinare i livet kom han til Lom og vart gift med Kari Rolvsdotter Husjordet – frå eit husmannsbruk under Nørstnes som låg ovanfor garden. - (Dette bruket var visst nok fråfløtt til slutt, nettopp p.g.a. snogskyu som stundom gjekk mest ned til husa).

Men fyrst vaks her opp fire jenter, og den eldste Rønnaug vart kona til Jon Hånsnartredet. Rønnaug og Jon vart foreldre til Rolv. Rolv fortalde meg vidare denne gongen at da han var såpass at han fekk seg sykkel, så drog han og Eilev Kolstad – dei var nå elles jamaldringar og dobbelt syskenborn – opp til Oppdal på sykkeltur for å sjå staden der bestefaren så lett kunne ha endt sine dagar.

Nordgard Kvamme

Også oppå Nordgard Kvamme i Bøverdalen, etterlet denne snogvinteren seg eit dystert minne. Litt opp og vest for garden stod ei lita stugu der husmannen Jakob Olsen budde. Han var fødd i Juland og stugu vart vel derfor nemnt som Julandstugu og Jakobstugu. Her budde også ei eldre kvinne – Ingrid Larsdotter – ho skulle vera frå Skjåk. Både Jakob og Ingrid omkom da skryu kom og tok stugu.

Rundt 1900 kom oldeforeldra mine – Hans og Rønnaug – hit til sonen Kristen Hansen som da var husmann her.

I 1904 vart det fløtt ei stugu hit frå Vågåsarmoen til ny husmannsbustad. Det er denne som kom til å bli heitande «Kristenstugu», og ho står der den dag i dag. Oldefar dø her i 1904.