Fallviltnemnda i Skjåk måtte torsdag avlive ein hjort som hadde surra seg inn i eit straumgjerde. Gjerdetråden er svært sterk og hjorten hadde ikkje klart å slite han av.

– Fallviltnemnda oppmodar gjerdehaldarar om å ta ned straumgjerde når det ikkje er i bruk. Det er viktig at det ikkje heng att kveiler med gjerde som dyra kan hekte seg fast i. Den som eig gjerdet har ansvar for at det blir halde vedlike slik at dyr ikkje blir utsett for fare for unødige påkjenningar og belastingar. Det er Mattilsynet som fører tilsyn og kan fatte naudsynte enkeltvedtak for å oppnå etterleving av paragrafane i dyrevelferdslova, heiter det i ei melding frå nemnda.

Nemnda nemner også stakittgjerde som eit problem for hjorteviltet, og det hender årleg at vilt blir sitjande fast med klauvane hengande mellom bord i stakittet. Dette kan ein unngå med ei slind på toppen av gjerdet.