Namn: Emma Høsteng-HaugenKlasse: 9. klasse på Skjåk ungdomsskuleBustad: BismoHobby: FotballSer fram til: Vinterferien, for da skal ho på hytta

Kva er mest spennande med Skjåk?

– At alle kjenner alle. Og den fine naturen og dei mange turmoglegheitene. Eg har vore på ein del turar i Skjåk opp gjennom åra.

Kva manglar Skjåk?

– Ei innandørs fotballbane med kunstgras, slik at ein kunne ha spelt fotball heile året. Eg har spelt fotball heile livet.

Kva brukar du mest tid på?

– Fram til nå har det vore berre fotball, men eg har trappa litt ned på fotballen for å kunne gjere andre ting også. Nå er eg ein del saman med hunden min Janko, som er litt over eit år gamal. Janko er utruleg snill.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– Eg greier ikkje å definere kor tid ein er gamal ved hjelp av alder, men heller på utsjånad. Eg ser om ein person er gamal eller ikkje.

Kva vil du bli?

– Eg vil jobbe med ungar. Aller helst vil eg jobbe i ein barnehage, eller på ein barneskule. Det er lenge sidan eg bestemde meg for å jobbe med ungar.

Kva er det beste med å vera ung?

– At ein har mykje i vente, og heile livet framfor seg.

Kva er det verste med å vera ung?

– Å ha foreldre som bestemmer over seg. Det er somme ting eg skulle likt å bestemme sjølv, men det er vel ein del av livet, at foreldra skal bestemme over deg. Slik er det berre.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Eg les Fjuken kvar veke, og der les eg det meste som står. Eg er nøgd med papiravisa slik ho er. Om det skulle vera eitkvart å peike på, må det vera at det gått kunne ha vore meir enn ei side med sport. Det hadde heller ikkje gjort noko om det hadde vore litt meir ungdomsstoff.

Blir du verande i Skjåk?

– Eg håpar det, for eg trivst jælma godt i Skjåk. Når eg tek utdanning bur eg nok ikkje i Skjåk, men eg håpar på å kome att etter eg er ferdig utdanna. Om det er ein jobb til meg oppi her da, sjølvsagt.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?

– Det er nok Snapchat. Eg brukar snap kvar dag, eg både sender og får. Stort sett består venene mine på Snapchat av familie, vener og kjende.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg er inne på Facebook dagleg, men brukar ikkje så mykje tid der. Eg legg nesten aldri ut noko sjølv, men fylgjer med på kva andre legg ut.

Kva gjer deg trist?

– Når nokon døyr.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjere da?

– Da ville eg passa på å lage ei innandørs fotballbane den veka. Den måtte ha vore ein eller annan stad i Bismo. Men eg er ikkje heilt sikker på kvar.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Skjåk?

– At det er ei fin og trygg bygd å vekse opp i, og at naturen er fantastisk fin. Eg trivst utruleg godt i Skjåk.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Ungdomen i dag brukar mykje meir media, og legg ut det dei gjer eller har gjort der. Den tida mamma og pappa var ungdom, var dei ute og sprang og sykla. Nå sit vi mest inne.

Kva er din største draum?

– For meg er draumen å få ei god utdanning og ein jobb eg trivst med og kan leve av.

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Kjensler.

Tre ord om deg sjølv?

– Glad, snill og omsorgsfull.

Kva gjer du om 10 år?

– Forhåpentlegvis er eg ferdig utdanna og har ein jobb her i Skjåk.

Kva er det viktigaste i livet?

– Hunden min, familie og vener. Og hobbyen min, altså fotball.

Fylgjer du med på OL?

– Ja det gjer eg. Eg tykkjer langrenn er artigast. Eg trur det kjem til å bli mange gullmedaljar til Noreg i OL. Og heilt sikkert mykje sylv og bronse.

«Ung i Ottadalen» er ei spalte vi har i Fjuken eit par gongar i månaden, der vi intervjuar ei jente eller ein gut i ungdomsskulealder. Har du forslag til «Ung»-kandidat? Send ein e-post til journalist Tom Erik Solstad