Ein av kommunens fastlegar, Vegard Brenna, har sagt opp og det er stillinga hans som er lyst ledig.

Fire søkjarar har meldt seg:

Soheil Ahmad Anwar (Oslo), Ahmed Najib Biabai (Lillehammer), Pedram Kazemi-Esfarjani (London) og Salah Suleyman (Solbergmoen).

Kommunalsjef Hilde Reitan i Skjåk kommune fortel at det skal haldast ei intervjurunde neste veke.